Bjørn Hegranes
Kystens kunstnar



Jotunet
Kunstnarheimen og atelieret
Jotunet i Florø var heimen og atelieret til Bjørn Hegranes. Her budde han og kona Svanhild Hegranes frå midten av 1950-talet.
Atelieret var ein kreativ verkstad for Hegranes, og både heimen og atelieret står slik det var då dei budde der. Begge var ivrige hageentusiastar, og Jotunet hadde ein flott opparbeidd hage som bidrog til den inspirerande atmosfæren rundt det kunstnariske virket hans.
Bjørn og Svanhild Hegranes testamenterte Jotunet og kunstsamlinga til Kystmuseet i Sogn og Fjordane i 2007, og vart overteken i 2011 etter Hegranes sin bortgang. No er Jotunet tilbake på Florøhender gjennom foreininga Jotunet Florø.


















