Kontakt Jotunet Florø

Jotunet Florø styret - hegranes.no
Jotunet Florø styret - hegranes.no

Styret i Jotunet Florø, f.v. Petter Refsnes, Kari Brun Ågotnes, Hilmar Eliasson (styreleiar), Malvin Horne, Martine Bortheim, Ingelin Hegranes og Randi H. Hellesen.

Foreininga si oppgåve

Foreininga Jotunet Florø vart etablert i februar 2024 og formelt stifta den 12.09.2024.

Det er valt eit styre på sju personar: Hilmar Eliasson (styreleiar), Martine Bortheim, Ingelin Hegranes, Randi H. Hellesen, Malvin Horne, Petter Refsnes og Kari Brun Ågotnes.

Formålet med foreininga er å fremje og levandegjere kunstnarskapen til Bjørn Hegranes og å utvikle og aktualisere kunstnarheimen Jotunet i tråd med hans ånd. Ei viktig oppgåve er å gjere kunstverka til Bjørn Hegranes kjende for publikum.

Vil du bli Jotunetvenn?

Foreininga Jotunet overtek kunsten etter Bjørn Hegranes og Jotunet frå Musea i Sogn og Fjordane. Vi er i gang med å få på plass ei venneforeining, som kan vere med å utvikle Jotunet og kan støtte og hjelpe med å fremje kunsten til Bjørn Hegranes.

Vedlikehald og å jobbe med hagen på Jotunet saman med andre dedikerte personar vil vere ei av mange kjekke opplevingar som Jotunetvenn. Som medlem av venneforeininga er du med og pustar liv i eit viktig kulturminne som Jotunet er.

Kontingenten for personleg medlemskap er sett til kr 100
For husstandsmedlem kr 200
Merk innbetalinga med namn, kontingent og år.
Betal til kontonummer: 3626 61 40295 eller Vippsnr. 965833.

Vi har som mål at folk i byen skal vite meir om kunsten og Bjørn Hegranes. Samarbeid med andre foreininger som er opptatt av kunst og kultur er viktig for Jotunet og oss som jobbar for Bjørn Hegranes.


Er du interessert i å vere med på laget – som privatperson, organisasjon eller bedrift – så ta gjerne kontakt med oss:

Malvin Horne